- Ved kunsthuset Kabuso i Øystese har dei nytta handstein i A-kvalitet til å mura blomesenger.
- Ved dette hageanlegget på Lofthus i Ullensvang er det nytta handstein av A-kvalitet saman med hyller av skifer. Det bryt opp fasaden og gjev eit vakker og praktisk uttrykk.
- Handstein i B-kvalitet kan vera vakkert om arbeidet er skikkeleg gjort. Uttrykket vert ofte litt meir rustikt, noko som ofte kan høva godt i dei rette omgjevnadene.
- Her er det forblenda ein etter måten stor flate med handstein i B-kvalitet. Både dette, og biletet over er frå Kikutheisen på Geilo.
- Her er det murt at handstein av A-kvalitet. Bygget er ei smie ved Hardanger Fartøyvernsenter i Norheimsund.
- Dette boga inngangspartiet i dobbeltsidig mur er bygd av handstein A-kvalitet. Biletet er frå kyrkjegarden ved Vikøy kyrkje i Kvam.
- Eit lass med handstein slik det ser ut når det er tippa av bilen. Steinen er klar til å arbeidast med. Store blokker er lettast å tilpassa. Dei kan klyvast og kappast etter ynskje for å passa nett slik du vil ha den.